21.12.11 - Ny nettstad for å få meir kunnskap om havbruk
– Kampanjen «Laks er viktig» startar no opp
FHL HAR I SAMARBEID MED NOKRE AV VERKSEMDENE I NÆRINGA ETABLERT EIN NY NETTSTAD. KAMPANJEN «LAKS ER VIKTIG» STARTAR OPP MED M.A. REKLAMEFILMAR PÅ TV2 I ROMJULA. NETTSTADEN ER VIKTIG FOR HEILE NÆRINGA, OG VIL VERA FLOTT INFORMASJON OM OSS I ALSAKER FJORDBRUK KONSERNET
Dersom du har spørsmål m.m. om havbruksnæringa, og lurer t.d. på kva verdiskaping som skjer på ein lakselokalitet, her illustrert ved lokaliteten Flornes i Tysnes kommune, vil du finna mykje av svara på den nye nettsida. Foto: OGJ
Folk som ynskjer å vita meir om lakseproduksjon, verdiskaping, miljøspørsmål, mat og helse, kan besøkja ein bredt tilrettelagt nettportal. Her får alle interesserte tilgang på kunnskap om havbruk slik det vert drive i dag.
Du finn fleire faktaboksar;
Lakseproduksjon,
Mat & Helse,
Verdiskaping, samt
Havbruk og miljø,
som du kan finna meir informasjon om ved å velja eitt av dei mange undertema.
På nettstaden finn du også reklamefilmane, supplert med diverse faktainformasjon.
Som Als-Laks Nytt har skrive mange gonger før, er det viktig at me alle veit litt ekstra om den næringa me arbeidar innanfor. Ikkje minst er det lurt at me kan koma med forståeleg fakta når me
deltek i diskusjonar.
Om filmane på TV2
I romjula 2011 startar visninga av ein serie på 19 korte reklamefilmar på TV2, der personar som er knytt til havbruket fortell om næringa si betyding i deira liv og deira lokalsamfunn. Kampanjen på fjernsynet skal gå fram til april 2012.
Her er lenkje til den nye nettstaden: www.laks.no
OGJ
