08.04.11 - Arbeidsuhell hjå Tysnes Fjordbruk AS
I samband med førebuing og gjennomføring av avlusing med heilpressining på ein av lokalitetane til Tysnes Fjordbruk, skjedde det i dag 8. april, om lag kl 0940 eit alvorleg arbeidsuhell.
Ein av driftsoperatørane vart utsett for eit arbeidsuhell. Den skadde vart raskt frakta til land, der ambulansepersonell tok over ansvaret og den vidare handsaminga.
Luftambulansen frakta den skadde til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.
Alsaker Fjordbruk AS rosar dei tilsette som var på lokaliteten då uhellet skjedde, gode kollega ytte viktig fyrstehjelp i den mest kritiske fasen, hadde oversyn over gjeremål og alarmerte både internt og eksternt hjelpeapparat.
Arbeidstilsynet er varsla etter gjeldane prosedyrar. Politiet har alt gjennomført nødvendig etterforsking. Dette arbeidet vil halda fram i veka som kjem.
Haukeland universitetssjukehus opplyser kl 1800 i kveld, at tilhøva for den skadde er stabil.
###
For nærare informasjon, kontakt Alsaker Fjordbruk AS v/Samfunnskontakt Ove Gjerde i telefon 99 21 01 09 eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Tysnes Fjordbruk AS er eitt av selskapa tilhøyrande Alsaker-konsernet på Tysnes. Tysnes Fjordbruk driv oppdrett av laks på 4 lokalitetar, på sørsida av Tysnes.
