Om Alsaker Fjordbruk

Alsaker Fjordbruk er eitt av dei leiande oppdrettskonserna i Noreg, når det gjeld produksjon av laks.

Fokuset vårt er å gjera det me er best på!

Dette betyr at me konsentrerer oss om produksjon av laks; Frå innlegg av rogn, til settefisk og vidare til matfisk og slakteri. Sluttproduktet vårt er sløyd, fersk laks i kassar for den internasjonale marknaden.

I konsernet har me ein kapasitet på omlag 42 millionar settefisk og ein matfiskproduksjon, med utgangspunkt i 24 konsesjonar.

På slakteriet vårt, Viking Fjord på Sunde i Kvinnherad, har me nyleg gjennomført ei større modernisering, som medfører ei optimalisering, bygd på den mest moderne teknologien som finst på marknaden i dag.

Aktiviteten vår har sitt utspring i Sunnhordland, nærare lokalisert til Onarheim i Tysnes kommune. Her kjem friskt brevatn frå m.a. Folgefonna  og møter ein av Noregs rikaste fjordsystem – Hardangerfjorden!