Alsaker Fjordbruk

Opp gjennom åra har det versert ulike påstandar om kor mykje oppdrettsanlegga forureinar og er medverkar til sjenanse for m.a. reine fjordar og fritidsaktivitetar.
Kvar og ein av lokalitetane våre har eit utsleppsløyve, og innanfor visse rammer ligg det eit løyve til å driva den aktuelle aktiviteten. Dette til liks med andre næringar.

NO ER FAKTA/FASITEN KOME PÅ BORDET
Faktabasert kunnskap er ofte det beste, og det einaste som skal til for at «folk flest» skal få forståing og endra haldning til ei sak som «ein alltid har trudd …..».

 IMG 1032

Lokaliteten Ystanes i Kvinnherad Kommune skulle vera ein god indikator på det som kjem fram i rapporten. Foto: OGJ

OPPDRETTSANLEGG PÅVERKAR IKKJE NÆRINGSSALTKONSENTRASJONEN I NORSKE FJORDAR OG GJEV IKKJE OVERGJØDSLING.
Ekspertgruppa, som vart oppnemnd av Fiskeri- og kystdepartementet i samråd med Miljøverndepartementet i januar 2011, har spesielt undersøkt Hardangerfjorden og Boknafjorden.
Gruppa har ikkje funne målbare endringar i næringssaltkonsentrasjonane korkje vinter eller vår. Førekomsten av tang og tare er uendra i Hardangerfjorden.

Ekspertgruppa sitt mandat var å vurdera situasjonen kring eutrofiering (overgjødsling) i kystområda, med spesielt fokus på desse to fjordane.

Me har sett opp noko av fakta og dei viktigaste konklusjonane i rapporten - legg deg dette på minne og ha det på lur, når du entrar dei ulike sosiale media!  

• Korkje i Hardangerfjorden eller Boknafjorden er det funne målbare endringar i næringssaltkonsentrasjonane, utsleppet frå dagens matfiskproduksjon synes for små til å forårsaka eutrofiering (overgjødsling).

• Robuste planktonsamfunn og ei svært stor vassutskifting med transport av næringsstoff inn og ut av fjordsystema på grunn av tidevatnet og såkalla estaurin sirkulasjon, fører til at oppdrettsindustrien sine til dels store utslepp av næringssalt i liten grad gjev effektar.

• Sjølv om auka verdiar av næringssalt ikkje har vorte målt i dei frie vassmassane i oppdrettsintensive område (unnateke heilt i nærleiken til merdar), kan det likevel vera risiko for lokale effektar av overgjødsling i område med dårlegare utskifting av vatn.

• Den fastsittande algevegetasjonen er ofte nytta som ein indikator på eutrofi (overgjødsling) i grunne område. Ein sunn og frisk tang- og tarevegetasjon har relativt lite hurtigvaksande såkalla årlege epifyttiske arter (epifytter er små trådforma algar som m.a. veks på tangblada.) I periodar førekjem derimot dette i begge dei undersøkte fjordane. Avhengig av når på året observasjonane vert gjort, kan dette gi forskjellige resultat. Ofte finn ein frisk sukkertarevegetasjon om våren og tidleg på sumaren, medan det seinare i august/september, kan vera ein annan situasjon.
Dvs at sukkertaren er kraftig overgrodd og borte i enkelte område.

• At sukkertare blir overgrodd av epifytter er også noko som er observert i ytre deler av Trøndelagskysten, og i Lofoten – område som ikkje kan reknast å vera påverka av forhøga utslepp av næringssalt. Her er det mest sannsynleg at det er andre faktorar som bidreg.

• Basert på dei data som er tilgjengelige, over biologiske og kjemiske parameter, er det vanskeleg å sjå at utsleppa av næringssalt frå oppdrettsanlegg i både Hardangerfjorden og Boknafjorden (med Ryfylkefjordane) har nokon store effekt på det marine gruntvassmiljøet eller på pelagiske oppblømingar av algar.

• Nye undersøkingar har vist ein auka diversitet av makroalgar i Hardangerfjorden, og med eit større innslag av sørlige artar.

• Det er observert skifter mellom sukkertare og trådalgar som kan indikera at tilstanden kan vera ustabil, men årsaka til endringane er ikkje avdekka.

• Nedre veksegrense for sukkertare i Boknafjorden tyder på at vasskvaliteten på dei undersøkte stasjonane er god.

• Det er ingen teikn til at mengda av planteplankton skulle ha auka med 50% (kriterium for å fastslå eutrofiering, jamfør OSPAR kommisjonen) i dei to fjordane.

• Målingane av næringssalt i begge fjordane tyder på at verdiane ligg, i dei aller fleste tilfella, innanfor det som kan karakteriserast som mykje god vasskvalitet i tråd med til kriteria til Klif.

• Lokale effektar kan ikkje utelukkast, t.d. når anlegg ligg svært nær land, og/eller i nærleiken av bakevjer der vassmasser kan verta liggjande over lengre tid.


Dette er dei viktigaste momenta, men for dei som er spesielt interesserte finn du rapporten i sin heilskap HER

Lukka til med lesinga og kunnskapsformidlinga!