Alsaker Fjordbruk

Røvær Fjordbruk AS har fått innvilga den første visningskonsesjonen i Rogaland. No skal dei starta visningssenter for akvakultur på øysamfunnet vest for Haugesund.

Røvær er kjend for eit historisk rikt sildefiske, kulturhotell og komlekafé. Heilt sidan 80-talet har elevar reist på leirskule for å læra om fiske og segling på øyane der ute i havgapet. Snart kan Røvær få eit heilt nytt tilbod - eit visningssenter for akvakultur med eit potensiale til 15-20.000 besøkjande i året.

Bak prosjektet står Alsaker Fjordbruk AS sitt dotterselskap Røvær Fjordbruk AS. Sidan 2014 har dei arbeidd med planane om eit visningssenter, der publikum generelt og elevar på leirskulen spesielt, kan få læra om akvakulturnæringa og besøkja eit matfiskanlegg.

I september 2016 kom tilsagnet frå Fiskeridirektoratet om at Røvær Fjordbruk AS er tildelt ein visningskonsesjon på 780 tonn, og i mai 2017 kom den endelege godkjenninga av senterets både utsjåande og innhald. Hovudføremålet med slike visningskonsesjonar er å styrka kunnskapen om akvakultur hos publikum. Ordninga skal også bidra til å byggja eit godt omdøme rundt akvakulturnæringa. I følgje brevet frå Fiskeridirektoratet er det ikkje enkelt å få ein slik konsesjon:

"Kun de beste teknologiske og driftsmessige representanter for oppdrettsnæringen vil kunne forvente å få innvilget en søknad om tillatelse", står det i brevet.


På landsbasis er det gitt 17 visningskonsesjonar, men ingen aktørar har så langt fått visningstillating i Rogaland.


Me er svært glade for den tillitten Fiskeridirektoratet har vist Røvær Fjordbruk AS og Alsaker-konsernet med denne tildelinga. For akvakulturnæringa, for Røvær-samfunnet og Haugesund-området er dette svært viktige nyhende, seier Even Søfteland, styremedlem i Alsaker Fjordbruk AS.

I 2015 tok Røvær-samfunnet imot kring 18.000 besøkjande, og Destinasjon Haugesund & Haugalandet har ei målsetjing om å auka talet på cruiseturistar monaleg til regionen. Eit visningssenter for akvakultur passar som hand i hanske inn i denne strategien, og vil gjera eit besøk på Røvær meir attraktivt.

Fortsatt er det mange detaljer som skal på plass, men me tilhøyrar ein yttarst framoverbøygd organisasjon, så dette skal me klare, seier Even Søfteland.

Han skryt av samarbeidet dei så langt har hatt med Haugesund kommune, Kulturhotellet, Stiftelsen Sjøhuset og Røvær-samfunnet.  Byggjesøknad for senteret vart sendt i mai, og løyve låg føre i utgongen av juni. Grunnarbeida vart sett i gong få dagar seinare, og tomta vert no ferdigplanert denne veka.


Det har vore ein hektisk prosess så langt, og me satsar på å halda tempoet oppe  framover, seier samfunnskontakt Kristian Råsberg.  Målet er å koma i gong med forskaling i løpet av neste veke og oppstart av betongarbeid i fyrste del av august.  


Men mykje skal klaffe då det krev meir logistikk enn normalt å bygge på ei øy ute i havgapet, seier han.


Ved ytterlegare spørsmål, ta kontakt med:
-    Kristian Råsberg, samfunnskontakt i Alsaker Fjordbruk AS, mobil 99 21 01 09

rovar bru

Frå Haugesund til Røvær er det dagleg fleire avgangar med rutebåt.