Bergen og Omland Havnevesen (BOH) har gjeve Salar Bruk AS mellombels løyve til å leggja ut ein flytande leveringsleidning på strekninga frå anlegget og ut til sørvest av Langaneset/Io-bru, der ein brønnbåt vil ta imot fisken. Leidningen vert senka der det er tilkomst for båtar/hamner som må kryssa.
Det er stipulert ei lægjetid på om lag eitt døger per levering og det er planlagt inntil 4 leveringar, i tidsrommet medio april til medio mai.
Leidningen vert demontert og fjerna etter at kvar levering er avslutta. Det vert etablert vakthald m.m. i området når tiltaket er i bruk.
For nærare opplysningar kan De ta kontakt med Driftsleiar Helge Daae (99 20 98 10) eller Samfunnskontakt Ove Gjerde (99 21 01 09).

Bildet over det aktuelle området, dagsett 19.03.2012 syner plasseringa av leidningen m.m.
OGJ
Fiskeri- og kystdepartementet (FKD) vil fastsetja særskilde krav til akvakulturrelatert verksemd i Hardangerfjorden.
18. august 2009 sendte departementet difor på høyring forslag til ny forskrift om Hardangerfjorden.
Prosessen kring utkastet er framleis i gjenge, pt er det ikkje gjort vedtak. Havbruksnæringa arbeider med ein Konsekvensanalyse, for m.a. å synleggjera konsekvensane/ringverknadane av slik forskrift.
For at flest mogleg av oss skal klara å halda seg oppdatert, få tilgang på offentleg informasjon i saka, vil du finna dette på heimesida til Fiskeri- og kystdepartementet (FKD) på denne lenkja.
Dersom du vil gå direkte til saka og følgja med i det som konkret gjeld Hardangerfjordforskrifta, klikkar du her.
Her kan du navigera mellom desse alternativa, alt etter kva som er av interesse
| Høyringsbrev | Høyringsinstansar | Utkast til forskrift | Høyringsfråsegner
Klikkar du på Høyringsfråsegner, kan du m.a. lesa kva merknader/innspel dei ulike selskapa som driv i området har kome med.
Ove Gjerde
Visste du at sjølve Hardangerfjorden er 179 km lang og den 3. lengste fjorden i verda? Og at den
største djupna utanfor Ålvik i Kvam herad er heile 893 meter? Foto: AFB/ogj
Alsaker Fjordbruk AS deltok 9. februar 2012 på utdanningsmessa i Tysneshallen. Som sedvanleg hadde me konkurranse med spørsmål knytta til verksemda vår, og me fekk inn heile 70 besvarelsar!
Den heldige vinnaren av ein IPAD2 vart Monica Rennesvik Borgen, 15 år, frå Tysnes skule. Gratulerer!
Med så stor deltaking ynskjer me også å dela ut to «trøystepremiar», og dei heldige er to andre elevar ved Tysnes skule:
Eivind Martinsen, 13 år (ryggsekk)
Celine Skorpen, 15 år, (hue)
Me takkar alle som deltok, og vonar dei har fått litt meir kunnskap om verksemda vår.

Ove Gjerde
Samfunnskontakt
Opp gjennom åra har det versert ulike påstandar om kor mykje oppdrettsanlegga forureinar og er medverkar til sjenanse for m.a. reine fjordar og fritidsaktivitetar.
Kvar og ein av lokalitetane våre har eit utsleppsløyve, og innanfor visse rammer ligg det eit løyve til å driva den aktuelle aktiviteten. Dette til liks med andre næringar.
NO ER FAKTA/FASITEN KOME PÅ BORDET
Faktabasert kunnskap er ofte det beste, og det einaste som skal til for at «folk flest» skal få forståing og endra haldning til ei sak som «ein alltid har trudd …..».
Lokaliteten Ystanes i Kvinnherad Kommune skulle vera ein god indikator på det som kjem fram i rapporten. Foto: OGJ
OPPDRETTSANLEGG PÅVERKAR IKKJE NÆRINGSSALTKONSENTRASJONEN I NORSKE FJORDAR OG GJEV IKKJE OVERGJØDSLING.
Ekspertgruppa, som vart oppnemnd av Fiskeri- og kystdepartementet i samråd med Miljøverndepartementet i januar 2011, har spesielt undersøkt Hardangerfjorden og Boknafjorden.
Gruppa har ikkje funne målbare endringar i næringssaltkonsentrasjonane korkje vinter eller vår. Førekomsten av tang og tare er uendra i Hardangerfjorden.
Ekspertgruppa sitt mandat var å vurdera situasjonen kring eutrofiering (overgjødsling) i kystområda, med spesielt fokus på desse to fjordane.
Me har sett opp noko av fakta og dei viktigaste konklusjonane i rapporten - legg deg dette på minne og ha det på lur, når du entrar dei ulike sosiale media!
• Korkje i Hardangerfjorden eller Boknafjorden er det funne målbare endringar i næringssaltkonsentrasjonane, utsleppet frå dagens matfiskproduksjon synes for små til å forårsaka eutrofiering (overgjødsling).
• Robuste planktonsamfunn og ei svært stor vassutskifting med transport av næringsstoff inn og ut av fjordsystema på grunn av tidevatnet og såkalla estaurin sirkulasjon, fører til at oppdrettsindustrien sine til dels store utslepp av næringssalt i liten grad gjev effektar.
• Sjølv om auka verdiar av næringssalt ikkje har vorte målt i dei frie vassmassane i oppdrettsintensive område (unnateke heilt i nærleiken til merdar), kan det likevel vera risiko for lokale effektar av overgjødsling i område med dårlegare utskifting av vatn.
• Den fastsittande algevegetasjonen er ofte nytta som ein indikator på eutrofi (overgjødsling) i grunne område. Ein sunn og frisk tang- og tarevegetasjon har relativt lite hurtigvaksande såkalla årlege epifyttiske arter (epifytter er små trådforma algar som m.a. veks på tangblada.) I periodar førekjem derimot dette i begge dei undersøkte fjordane. Avhengig av når på året observasjonane vert gjort, kan dette gi forskjellige resultat. Ofte finn ein frisk sukkertarevegetasjon om våren og tidleg på sumaren, medan det seinare i august/september, kan vera ein annan situasjon.
Dvs at sukkertaren er kraftig overgrodd og borte i enkelte område.
• At sukkertare blir overgrodd av epifytter er også noko som er observert i ytre deler av Trøndelagskysten, og i Lofoten – område som ikkje kan reknast å vera påverka av forhøga utslepp av næringssalt. Her er det mest sannsynleg at det er andre faktorar som bidreg.
• Basert på dei data som er tilgjengelige, over biologiske og kjemiske parameter, er det vanskeleg å sjå at utsleppa av næringssalt frå oppdrettsanlegg i både Hardangerfjorden og Boknafjorden (med Ryfylkefjordane) har nokon store effekt på det marine gruntvassmiljøet eller på pelagiske oppblømingar av algar.
• Nye undersøkingar har vist ein auka diversitet av makroalgar i Hardangerfjorden, og med eit større innslag av sørlige artar.
• Det er observert skifter mellom sukkertare og trådalgar som kan indikera at tilstanden kan vera ustabil, men årsaka til endringane er ikkje avdekka.
• Nedre veksegrense for sukkertare i Boknafjorden tyder på at vasskvaliteten på dei undersøkte stasjonane er god.
• Det er ingen teikn til at mengda av planteplankton skulle ha auka med 50% (kriterium for å fastslå eutrofiering, jamfør OSPAR kommisjonen) i dei to fjordane.
• Målingane av næringssalt i begge fjordane tyder på at verdiane ligg, i dei aller fleste tilfella, innanfor det som kan karakteriserast som mykje god vasskvalitet i tråd med til kriteria til Klif.
• Lokale effektar kan ikkje utelukkast, t.d. når anlegg ligg svært nær land, og/eller i nærleiken av bakevjer der vassmasser kan verta liggjande over lengre tid.
Dette er dei viktigaste momenta, men for dei som er spesielt interesserte finn du rapporten i sin heilskap HER
Lukka til med lesinga og kunnskapsformidlinga!
– Kampanjen «Laks er viktig» startar no opp
FHL HAR I SAMARBEID MED NOKRE AV VERKSEMDENE I NÆRINGA ETABLERT EIN NY NETTSTAD. KAMPANJEN «LAKS ER VIKTIG» STARTAR OPP MED M.A. REKLAMEFILMAR PÅ TV2 I ROMJULA. NETTSTADEN ER VIKTIG FOR HEILE NÆRINGA, OG VIL VERA FLOTT INFORMASJON OM OSS I ALSAKER FJORDBRUK KONSERNET
Dersom du har spørsmål m.m. om havbruksnæringa, og lurer t.d. på kva verdiskaping som skjer på ein lakselokalitet, her illustrert ved lokaliteten Flornes i Tysnes kommune, vil du finna mykje av svara på den nye nettsida. Foto: OGJ
Folk som ynskjer å vita meir om lakseproduksjon, verdiskaping, miljøspørsmål, mat og helse, kan besøkja ein bredt tilrettelagt nettportal. Her får alle interesserte tilgang på kunnskap om havbruk slik det vert drive i dag.
Du finn fleire faktaboksar;
Lakseproduksjon,
Mat & Helse,
Verdiskaping, samt
Havbruk og miljø,
som du kan finna meir informasjon om ved å velja eitt av dei mange undertema.
På nettstaden finn du også reklamefilmane, supplert med diverse faktainformasjon.
Som Als-Laks Nytt har skrive mange gonger før, er det viktig at me alle veit litt ekstra om den næringa me arbeidar innanfor. Ikkje minst er det lurt at me kan koma med forståeleg fakta når me
deltek i diskusjonar.
Om filmane på TV2
I romjula 2011 startar visninga av ein serie på 19 korte reklamefilmar på TV2, der personar som er knytt til havbruket fortell om næringa si betyding i deira liv og deira lokalsamfunn. Kampanjen på fjernsynet skal gå fram til april 2012.
Her er lenkje til den nye nettstaden: www.laks.no
OGJ