Alsaker Fjordbruk

Fjon Bruk

Adresse Fjon Bruk AS, Ålfjordvegen, 5550 Sveio
Konsesjon H-SO 0003
Lokalitetnr og navn 10060 Fjon
Driftsleiar Harald Mundal, 99 21 01 55
Telefon 53 74 74 74
Fax 53 74 74 71
Epost
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

 

Introduksjon

Fjon Bruk AS ligg i Sveio kommune, midt i leida mellom Bergen og Stavanger. Lokalisasjonen er som namnet seier å finna på Fjon, på nordsida og mest lengst inne i Ålfjorden.

 

Historikk

Det har vore drive med settefiskproduksjon på Fjon sidan 17. juli 1973, då Stolt Sea farm etablerte seg på staden.

Alsaker Fjordbruk tok over anlegget i 2006 og starta då ei modernisering og utvikling av anlegget. Eit arbeid som framleis er under utføring, ferdiggjering av dette byggesteget er forventa utført våren 2011. Fjon Bruk vert då eit av dei mest moderne smoltanlegga i landet!

 

Vassressursane
Vigdarvatnet har eit nedbørsfeltet til Vigdarvatnet er på heile 95 km2 og eit vassareal på heile 7,36 km2, og er dermed ein av dei største innsjøane i Hordaland.

Vatnet består av fleire basseng som er meir eller mindre adskilt av tersklar og sund. I hovedsak er Vigdarvatnet delt i eit nordleg (3 km2) og eit sørleg basseng (4 km2) ved Tveitsundet. Det finns også eit tredvetals øyar og holmar i innsjøen.

Fjon Bruk hentar vassressursane frå vatnet.  Vassdraget var tidlegare stengt for oppgang av anadrom fisk, men det vart opna på nytt i februar 1999, ved at det vart installert laksetrapp opp gjennom inntaksdammen i utlaupselva.

 

Produksjon

Fjon Bruk har pt løyve til å produsera 5 millionar sjødyktig settefisk og 5 millionar yngel.

 

fjon_bruk_liten