Alsaker Fjordbruk

I samband med rutinekontroll av observasjonsgarn i tilknyting til lakselokaliteten Flatholmen
tilhøyrande Røvær Fjordbruk AS på Røvær i Haugesund, vart det om føremiddagen tysdag 1.
november konstatert eit mindre tal laksefisk på «feil side» av dei 8 merdane på lokaliteten.

rovar flatholmen

Ein slik observasjon kunne vera ein indikasjon på hol i ei av nøtene. Turvande prosedyrar kring
mogleg rømming vart straks sett i verk.

Forutan at det omgåande vart tinga dykkarinspeksjon, byrja eige personell kameraundersøking i
merdane.

Om lag kl 12 kunne eige personell stadfesta ei mindre rift i den eine merden – denne vart tetta
omgåande.

Samstundes med dette kom dykkarar på plass og har hatt full gjennomgang av alle merdane, utan at
det vart funne ytterlegare skadar på anlegget.

Det vart straks sett i verk gjenfangst i området.

Avviket vart omgåande meldt til Fiskeridirektoratet sin Vakttelefon.
Utanom dette er Fylkesmennene sine Fiskeforvaltarar i både Rogaland og Hordaland varsla. Det
same er m.a. Etne elveeigarlag og Hardanger Villfisklag, samt andre oppdrettarar i nærleiken.

Estimert tal på rømt fisk er p.t. om lag 1.000 stk med ei snittvekt på ca 2,5 kg.
Laksen er lusefri og elles «frisk som ein fisk».

Røvær Fjordbruk beklagar hendinga. Det er nye nøter i merdane og anlegget er elles i topp stand.

Representantar frå Fiskeridirektoratet, Region Sør har etter hendinga alt vore på kontroll hjå Røvær
Fjordbruk.

Årsaka til hendinga er truleg skade som har oppstått i samband med at eit eksternt firma har drive
spylearbeid på nota.


02.11.2011 gma/ogj


###
For nærare informasjon kontakt Røvær Fjordbruk v/Samfunnskontakt Ove Gjerde, telefon
99 21 01 09 eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.


Informasjon om Røvær Fjordbruk AS, 5549 Røvær
Etablert i Haugesund sin vestre bydel i 2004 og innehar konsesjonen R H 0003.